12/03/2017

Vest i bomull og " kutrekk"

Eg berre plundre videre med garn og strikkepinnar.   Og nokre av arbeida vart ikkje som tenkt!! 

Når nokre barn klør av ull, som tenkte eg å strikka vest i bomull.  Men, strikkefastheten spela meg eit stor puss i passforma.   Enda eg gjekk ned til 3,5 mm pinne, istaden for 5 som anbefalt i mønster.  Men, gøy å prøva seg fram.   Denna passer gut på 7-8 år.
                Mønster er henta frå Alt om Håndarbeid - julespesial i år.    Garnet er Paris frå Drops
       For å kneppe den vide vesten litt samen, strikka eg ein knappestolpe til to knappar.  Det blei bra i ryggen med tiltaket!!




    I eit eldre magasin (Filati)  har eg mønster på puta her.    Men,  etter kvart som eg strikka....
                ............ så vart eg meir og meir overbevist om kalv/ku.   Kutta litt på øyrer og lagde andre auger.  Garnet er forskjellig her.  Alaska/Drops (rødt)  Grått garn er Chunky alpaca wool (knit at home)
                                          Over; før toving --  under, etter toving. 1/2 t kortprogram 30 grader ilag med dongeri.   Kjem til å sy på eit filtstykke - ha åpen i nedre kant.  Borrelås eller glidelås. Då kan ein velge om pute eller sitjeunderlag.
   ca 40 x 60 cm 

11/28/2017

ajour!!

Kjempeglad for å visa ferdig arbeid !

Jakka er strikka i lammeull frå Nøstebarn og Alpacca Silk (Drops)  Har valgt enkle fletter og knytebelte.  Samt lengre arm enn 3/4 .   Denne kunne eg tenkt meg sjølv, så viss ikkje mottaker liker, så får ho bytte i noko anna.  
                                                               Magasin Filati  55/14 

Beklager utydeleg foto, men vesten er klar.   Strikka i Nepal -lett  tova - 15 min kortprogram.  Overflata vart heilt nydeleg mjuk. Kjekk vest å strikka.  Ermer og kantar vart strikka inn i sider, etterkvart.  Her gjekk eg for perlestrikk med forsterkning bak rettmasker på framsida.    Mønster,  Filati 13/17
 Men, sjekk knappane då!    Dei er mest dyrare enn garnkostnader!!  (Innstrikka lommer på vesten=)

Sokkepar i str. ca 8 år.     Dobbel Fabel frå Drops.  

11/20/2017

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.  

Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  Må berre vente på meir garn (med postmann)
Må skjerpa meg!

 Påbegynt jakke. Delvis mønster frå Filati. Mangler ein arm.





Sokker i dobbelt restegarn - er på jakt etter ein rest marinegrønt eller brunt.
I påvente av garn til dei to andre prosjekta, så har eg byrja på ein vest!

 Men, noko er då ferdig - si sist blogg!
                              Sokkepar til eldste barnebarn --  gøy for mormor at han ønska seg slikt i heimastrikk  !   :)  
                          Yngste barnebarn skal får angry bird lue.   Grunnmønster er henta her https://www.purlsoho.com/create/2014/01/23/lauras-loop-garter-ear-flap-hat/
                            Ein som er glad i "cars" - må få lue til seg .  Gjorde om litt her. Slik at eg fekk strikka da rauda på bilen, att og fram - istaden for maskesting.    Denna lua vart fora med jersey.

                      votter og lua strikka i fri dresur ( knitting wool )-- tova lett på 30 graders kortprogram
Føler tida flyr - som fuglar i flokk.   Gleder meg til å få ei veke ferie snart i varmare strok!   I år kjem eg til å gje "mjuke julegåver" til Kvinnherad Frivilligsentral - i staden for å prakke så mykje på vener og familie.     Eg har mykje heimestrikka på lager.   Det føles betre å gje enn å selga.  I alle fall viss mottakar treng varme plagg.    Så då har eg trappa drastisk ned på julegåver - kjennes okey ut!        💁💜

10/30/2017

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017
Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne nr 4 mm.   Var litt gøy med ny vri på oppskrifta. Har brukt Lima/DropsGarn.  Og valgte som de ser, andre fargar.  God passform.  Kan brukast frå M til L   men, kansje kort i livet for nokre då.  Sydde ned halskanten, einaste "Lindavri" av mønsteret. 


10/18/2017

OL -lua for 2018

I siste "Familien" - 21/17- var det oppskrift på OL - gensere, pannebånd, votter og lue.  Satte igong med lua til vaksen.   Men, grudde fælt for maskestinga i flaggstjerna  --  med god grunn!
                             Stinga blei bulkete og fæle.  Så børsta eg dei opp litt - men, heller ikkje nøgd med da resultatet.   Fant fram nåla til ullfilting og brukte den litt.  Stjerna kom seg noko.  Sjølv om gubben fortjener fine ting, så får lua bli hans.  Men, den kvite lille dusken trong eg ikkje laga til han- he he

 Prosjekt som har lagt på vent i ein mannsalder!   Då eg var lita bytta eg til meg ei strømpebukse (size Tjorven) -  aner ikkje kva klassevenninna fekk??!  Eg har alltid tenkt å strikka den av.  Egentlig nydeleg arbeid i den vesle buksa!    Med ein rest av tynt ullgarn med elastitet, har eg klart så nokolunde å kopiera.   Ikkje i føttene - der var det noko finurlige greier.  Så brukte vanleg hæl og tåfelling ( i miniutgåve)
                                                    Toppen er hekla i fri krokføring!
 På jernbanen i Bergen - ligger butikken Norwegian Spirit.  Sist eg var der, kjøpte eg Lang Super Soxx med cashmere.  Tynt og utruleg mjukt.  På pinne 2,5 mm har eg strikka strømpene med snodde rettmasker.   I håndarbeidsbladet var det mønster på "magic loop" (to sokker på ein gong) og då skulle ein strikka frå tåa og opp.  Det gjekk fint å strikka dei frå skaftet og ein om gongen.  Eg beherske metoden magic loop -- men då bør eg ha to nøster.  Blir så mykje kluss å ta tråd inne og utafor nøstet.   Gjekk berre 60 gram til sokkeparet mitt.
                        Har prøvd å hekle og strikke etter fri fantasi og foto av barnetv-figurer.  Minste barnebarnet - var så oppteken av desse, "Poppeloppane"  Gøy å ta med og sjå om han kjenner dei att??
Hausten er her og med det mykje vatn!!  Alt for mykje vatn.  7-8 cm vatn i grovkjellaren, det var ikkje noko kjekt!  Og da heila var min feil!!!  Uvetenskap, kansje??   For at Pil skulle tetta alle dreneringsrøyr med rastaflettene sine, ja kven kunne tru da?  Hagen vår ser ikkje ut etter graving og vøling.  Men, eg får være glad med får bukt med problemet.   Aldri meir Pil i Pilavegen! 

10/04/2017

Hustlege prosjekter

Må samla opp litt i bloggane - merker at tida er ganske travel.   I da sista har eg vore på tur.  Høydar å få med ein dag i Salhus :   "Bergen strikkefestival", var storslått og kjempefint arrangement.  Kjøpte med berre bittelitt garn frå markedet.   Topp å få høyra Lene Holme Samsøe, samtidig som eg strikka på hennar "Bellatunika".   Liker veldig godt bladmønster og fellingane ho lagar.   Lite å montere på tunikaen.

 200 gram er brukt (str 4 år) av Merino superwash fra Sachenmayer/Arne&Carlos.  Viser marihøneknappen bak- for den berre måtte brukes.  Bladmønsteret vart ikkje så tydleg, men pytt pytt.
 50 gram (240m ) morbærsilke/bambus frå Pinnsvindesign er brukt i denne herleg halsen min.  La opp 144 masker og strikka 27 cm!!!!!   Ribben er henta frå Tine Solheims siste bok.
 Eit par barnelubber i Olagarn frå Obs.     Hjertene fant eg på - sjølve sokkeoppskrifta står og i T.S.'s bok.
     Hekla meg ei sauelue ---  så er eg klar til utkledning.   Skulle egentleg være til barn, men bomma på da engelska mønsteret, så den ble til vaksen.    

Takk skal dåke ha som kikker innom bloggen og tusen takk til dåke som legg igjen ein kommentar.  Uansett om det går kjappare på pinterest og div. strikkesider på fb -  så koser eg meg her i min vesle krok i universet.   

9/21/2017

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??
                                             Eg har berre strikka litt mindre bråt.  Hadde ikkje nok koksfarga alpakka

foto henta frå 
Rowan 48
                                            Utruleg bruk av fargar -- alt går ann, eller?
               Ved å skifta farge der eg skulle sy med maskin og klippa opp til glidelås -- så slapp eg mykje av trådfesting.    Berre litt oppe ved halsen -  då eg strikka att og fram.   Har strikka rundt heile vegen.   La opp nye klippemasker etter armfelling.
                          På meg er den penest med åpen glidelås --  litt for "slim" fasong   😉
            Nå er sommaren over, men må ta med humlene eg hekla i tampen på august.   Akkurat nå har eg INGEN prosjekt!!   Hausten står åpen for mine arbeid!      

Vest i bomull og " kutrekk"

Eg berre plundre videre med garn og strikkepinnar.   Og nokre av arbeida vart ikkje som tenkt!!  Når nokre barn klør av ull, som tenkte e...