1/16/2012

Så har eg strikka og tova litt

Samt sydd nokre lappar saman til sitjeunderlag!       Marte Helgetun, har laga mønster til nokre fine babytøfler i alpakka-garn.  (gratis mønster på hennar blogg)   Eg strikka same mønsteret- etter 1-2 års str., berre i hobbygarn og Karneval og litt større pinnar.  Då fekk eg desse i str. 38.  Kansje meir "narr-aktige"- enn kongelige- men, for same hoffet vil eg tru?!   Fniiiis   - ikkje så nøye vell? Varme og god på føttene, uansett!



Eg prente inn til døtre og søner om vask av ull-  og så klarer eg sjølv å vaske feil.  Redninga for eit par leggings og eit par høge sokkaskaft-  vart å sys saman til eit sitjeunderlag.  Fant noko bånd med pompongar på- og skal seie det gjorde da heila, litt "Royalt" idag!


 Upss... gløymde nesten desse pulsvantene.  Fekk ein inspirasjon av ei "Nordøve".  Ho hadde strikka sokkar med leopardmønster og poter på sålen.  Knalltøffe, der dei dukka opp på Norge 123, i romjula!    Leopardmønstra pulsvantar var å finna på Drops sine sider, skreiv denne "Liwes" til meg.    Men, så hadde eg noko oransjefarga Arwetta (gevinst i Z. kalender) som egna seg mest til tiger.  Så då berre strikka eg pulsvanter med heilt uvilkårlege striper i svart og litt kvitt! 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...