4/17/2012

Siste tur på lokalbutikken!

Me har nytt godt av å ha nærbutikk i bygda vår.    Men,  no vert dørane stengde snart.  Utsalg av varene er starta -så i denna veka vert dørane låste for godt.  Ingen vil driva vidare.  Ove, har mysta kundar til store butikk-kjedar på Husnes.  Svært leit at ikkje bygdafolket kunne vore meir lojale mot butikken vår.  Eg tykjer dei spare ikkje så mykje.  Rema1000 og Rimi, er nesten som nokre store låvebygg med lite innbydande atmosfære. Heilt sio 1900-talet har Ove sin familie drevet butikk i Herøysundet, så ekstra leit må da være for han.   Synes og synd om dei eldre, utan bil og som no får ekstra-kostnad med taxi eller vare- frakt opp mot ein hundrelapp og minus sosiale treff på lokalbutikken.  Med vemot, har eg handla denna veka. Fått monge tankar og minner.  Borna våre som har kunne snopa godteri og læra seg pengebruk- samt hjelpa mor med å handla litt melk, gjær, sukker etc. når ho fekk lyst å laga noko godt på impulsen.  No må eg læra meg å planlegga meir.  Akk ja, måtte berre lage denna bloggen for å ha eit minne om vår kjære Joker!       Lika trist var været i går, den 16.april-  kom snø og sluddbyger- etter ein førmiddag med vårsol.  Da skifta fort. Spørs om da verte moreller på treet vårt, til sommaren??


Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...