6/10/2012

Sjal og skjerf


--- i lange banar!! Måtte laga meg eit i Bambus/Cotton-garn fra USA - gåve frå Jane. Skulle være passeleg med 100 gram stod det i oppskrifta i Simply Knitting (feb. 2012) Da gjorde det nesten - - - eg måtte finna noko mørkeblått bomullsgarn å fella av med! Typisk ! Men, like godt sjalet mitt. Det er mjukt og svalt - vil garantert brukast til kvit topp eller dongeri.




På Ikea i vår, handla eg ein snedden hengar for sjal - den blei fort full! Kunne sikkert kjøpt ein til, for ennå er her fleire skjerf/ sjal. Både heimelaga og kjøpte!





Så har eg måla litt på frihand. Eg har teke ideen hos " Marits Hagekos"-blogg. Min gamle spade hadde blitt parkert allikavell,- så nok kan den få stå til meir stas enn ergrelse! Lykka var å ha kvit Hamerite i kjellar, då eg fann tid og rom for å mala.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...