8/10/2012

Å finna på....

noko som kan slå ann for gutar--  det er ikkje lett.   Har mykje meir idear og materiale for da søta og romantiska.  Altså- er eg ein "rosablogger".   Men, skal ikkje gje meg.  Må då være noko kult å spinna opp  i da maskulina.   Har iallefall byrja litt til gutebaby.   Kom over ein engelsk klut med desse fotavtrykka.  Dei tegna eg ned i eit diagram etter å ha strikka 60 pinner med å fylgja k1, p2, k7 osv.   Diagrammet prøvde å hekla inn i ei smekka.  Kan sjå at ein foten er større enn hin, men pytt pytt.   Ein tutt i sølvtråd- så blei da ein boks med tredimensjonalt preg.   Eg bretta klutane fint til og satte dei oppi boksen.  Ein tanke å få tak i blank cellofan, og lage ei barselgåve av detta.


Nesten så eg tenke på slusch- med det rosamelerte Snuggly-garnet. 
Litt gult safir, kvit Snowflake med pistasjefarga bomullsgarn. 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...