8/18/2012

Hoppande glade barnebarn

--- og avisstrikk!!   Eg blei så inspirert av hobbybokklubben sitt sista medlemsblad.   Det skal koma ei bok med puter (hm...  avbestilte då den)    Deriblandt den eina puta strikka som ei avis-sida.  For ein ide, tenkte eg!  Håpe eg blir tilgitt av forfatter og designer Nina ....   så huske eg ikkje resten.     La opp med kvitt Rauma p2 helårsgarn og svart Mandarin og strikka rundt med 99 masker.  Kikka av og til på bildet og Jan, klarte faktisk å sjå det likna avis, ja. Lure på om da blir ei "hua"?    Men, så har eg gått tom for da kvita og herlega bomullsgarnet.  Må nok spørra dotter Sandra, om ho vil ta ein tur for meg på Husfliden i Bergen.    Enn så lenge- kan eg hekla på ein kjole, trur eg. 

Sjå dei kjekke barnebarna me har då!!  Dei hoppa til den store gullmedaljen, då me skulle gå i kveld--  frå feiring av 6 åringen!   Knallgode kaker og kaffi- høyrde med når Monica diska opp.    Gjett om me hadde smil og godt humør når me drog heim?!  

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...