8/26/2012

... og endå meir gåvedryss!!

For min bursdag- blir feira heile helga til ende!  Eg er så glad for alle gode vener eg har. Familien innkludert! 
    I går skulle eg sjå innom drivhuset om tomatene trengde vatn og slikt.  Der låg ei lilla fin pakke med sølvstjerne og kort,  frå ei venninne.  Ho hadde vært nedom då eg var til nabobygda eit ærend.      I pakka låg to alledels supre strikke/inspirasjonsblader til meg. Samt gode sokkar til hausten!   Her har eg mykje å kosa meg med.  Fine artiklar og skjøne idear, som den saueluå til ungar.

Utpå kvelden kom svigerinne og svoger på besøk.  Av dei fekk eg denna fine sykkelen med små Chili/pepperfrukter.     Me kosa oss, strikka sokkar me to svigerinnene, medan karfolka våre åt kake og prata. Jøran, kom heim ein liten tur - fekk flott steikepanne av han og Arne, yngstebarnet.      Idag, kjem foreldra mine  -  eg har satt hjortasteik i omnen.  Så heile helga har eg no posjonert feiring. Kjempekjekt!



Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...