9/02/2012

Jentetur til Bergen

Blei ei fine helg, på tross av at eg måtte kjøyre til Laksevåg med Jøran's flyttelass.  Ikkje greit å være gressenka, og ting faller på "hu mor".  Men, så må eg av og til utfordra meg sjølv på nokre områder.  Og som regel går det jo betre enn eg trur då?!    Monica, var med som "los" eller vegleier- får ein heller kalla det! Hilde var med som sjarmtroll.   Ho kosa seg med tante Sandra og onklane.   Garnkjøp vart det og-- då på Os. Sandra og Erlend, hadde forsinka gåve til meg.  Midt i blinken med; GARN!  Eg hekla meg eit par pulsvanter utav eine nøsta der i leiligheta. Har  heller lagt litt på giddalaus-sida med handarbeid i helgå.   Men, i kveld- skal det strikkast på avislua mi,kansje?  Eller så har eg fått ny utfordring på Zirkona's årsteppe. Lappane i september skal strikkast i skyggestrikk.   Teknikk eg ikkje har vore borti før. Blir spennande! 
Ferja mellom Venjaneset og Hattvik (Os kommune)

Hilde har fått lilla lakk av tantå!

meg, to døtre og ei dotterdotter!

"Hot socks" er kjøpt inn til ei venninne som har vært på jakt etter Viking raggen.  Håper detta kan være eit fint alternativ- viss ikkje har eg det berre sjølv- he he enkelt og greit det!  600 gram inn i behaldninga mi (då ikkje talt med det 150 grams nøsta som eventuelt skal til K.)

Pulsvantane, hekla eg med 30 lm- kronebord fyrst, halvstavar og eit par fellingar nedover mot skaftet. Avslutta der med buar.  Mjuk garn det Farytaile (100% alpakka)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...