9/10/2012

Monge opplevingar

-- på ein halvtimes spasertur i bygda vår.  Eg sat nærmast og nistrikka i heile går. Men, måtte ha meg ein tur då sola varma opp ein temperatur på 20 grader - 9.sept.    Tok kamera med og knipsa litt.  Raud  og kvit rogn (den kvite i hagen vår).  Sauer - både dalasau og villsau.  Tar og med bilde av noko garn eg har fått ilag med ein rokk eg kjøpte for nokre år si.  Før og etter- tenker eg på då.    Men, den spesielle steinen som ligg som eit egg- den slår jo alt då.  Attmed garden til vår tidlegare ordførar, ligge den som eit svært egg i naturen.  Den må ha blitt plassert der i sommar, for hukommelsen min kan ikkje hugse den frå før.    Vell heime, hang ein saftig edderkopp og dingla forran stoveglaset.  Bildet blei tatt før han forsvann med vinden.  

I dag tidleg, kom mannen min heim frå skiftarbeid- to veker vekke.  Eg like å ha han på plass rundt meg i huset, att.  Sjølv om det skal seiast at eg gløyme tid å sted når strikkepinnane klirre.  Har fått ferdig bakstykke til tunikaen min.   Brukt berre litt over 200 gram garn på det.  Drygt det garnet frå Stoff&Stil.   Eg skal til "syden"- til helga.  Håpe eg kunne fått denna kjolen ferdig til då.  Men, viss ikkje så er det ikkje krise.

Må på tampen ta med gratulasjoner til døtrene våre. Begge har bryllupsdag idag! Den yngste med sin E. har 1 årsdag, mens ho eldste min sin A. har 7 års bryllupsdag.  Eg føle meg eldre for kvar tanke på desse åra!! Hjelp. 

Mykje rogn på trea i haust.  Blir det då mykje snø i vinter???

 










2 kommentarer:

  1. Flotte bilder du har tatt, det var sommervarme her også i går.
    Beklager at det har vore slakt med kommentarer i det siste, men eg har nesten ikkje vore på nettet. Det har vore mykje anna på programmet, har mista piffen litt også etter nedturen på trådsnella, men det blir spennende på Garnglede, hvis eg får det til då...

    SvarSlett
  2. Takker for fin kommentar, Wenche! Du skal ikkje føla deg forplikta til å kommentera til meg. Sette sjølvsagt pris på nokre ord. Håpe me får ein fine haust med mykje håndarbeid for oss!! :)

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...