9/23/2012

Se min kjole -

ikkje tunika!  Rakk ikkje strikka ferdig kjolen før eg drog på jobbetur til sydlige breddegrader.  Men, har slappa mykje av desse to dagane vell heime - og fått den ferdig.  Si eg har brukt lin/bomullgarn istedet for merino-ull, så fekk kjolen lengre sidde.  Berre kjekt det.  Grådig fornøgde!!     Forrige veke fekk eg ikkje tid til å strikka mykje. Kun 50 gram, på fly til og frå. Var for varmt med 32 grader i sola!  Til sjølve kjolen har eg brukt omlag 470 gram.  Resten av dei 12 nøstene, skal bli skjerf eller bolero som tilbehør. 

Før eg reiste så kom ein pakke med Alaska-garn i posten. Samt med det eg bestilte ilag med dotter Monica, så har eg skaffa meg nye 2 kilo til haust og vinteraktivitetar. 

På tampen tar eg med den fine gjesten me fekk på altan igår--    nesten 10 cm augenstikkar!  La oss heller kalla den for "Dragonfly" .  Faktisk større enn dei augenstikkarane eg såg i syden, dei var raude og noko mindre.   Mest så denna har fått eit hode frå legomannane? ?


Det er sydd på to knappar på kvar skulder.



Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...