10/21/2012

Dokkemamma

I ein alder der eg nærme meg 50 år, så må eg erkjenna at ei glede eg har er dokker.  Den trur eg må komma både frå både mor og mormor.  Antagleg, så har den gått litt i arv til mitt barnebarn. Kansje ei av døtrene våre og har gleda? hm...       Bente Horsberg, lager flotte reborn-dokker. Sjå sida hennar
www.dukkehobby.com             For nokre år si, så kjøpte eg Guri av Bente.  Ho kom i posten. Kjempesøt.  Blei ekstra lykkeleg då designer bak dokka, har same namn som meg.  Var liksom litt ekstra mi då?! Kan henda eg er barnsleg, men det bryr eg meg ikkje om.  Mykje man kan gleda seg over, og alt treng ikkje være av den vaksne sorten,støtt?     Men, eg er ikkje samlar av dokker, då. Har ikkje tid til det.   Har berre tatt vare på tjorven og nokre andre frå barndommen.  Tjorven får  koma med ein annan gong i bloggen min.     I sommar, kunne eg nok blitt meir bitt av samlemani. Fekk tilbod om å sjå samlinga til ei som hadde pussa opp eit gammalt hus og samtidig dreiv med "loppis". Inne i sjølve huset, hadde ho ei samling av dokkehus og dokker, i hopetal.  Fordi mann og son var med, så  tok eg hensyn til dei og drog derifrå- med eit usett minne, diverre :(         Kjøpte ei lita negerdokke frå 1960 og hode til ei øydelagt gutedokke frå 1950.  Skulle likt å fått kropp til den. Kansje eg må sy?       Blir nok ikkje det same- så får kikke litt på nettet om nokre dokkedeler dukke opp!
 Settet Guri, har på seg- er strikka etter eit mønster frå "nspiration" Schachenmayr.


2 kommentarer:

  1. Så nydelig dokke - hvem bestemmer hva som er voksent eller ikke, forresten?
    Koselig, synes jeg!
    Ønsker deg en fin ettermiddag!
    Klem, Marianne.

    SvarSlett
  2. Det er koselig med dokker, har alltid likt dei sjølv om eg ikkje samler.
    Men eg har tatt vare på dei eg hadde som lita, dei små får leka med dei nå :)

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...