10/25/2012

Her kommer Tjorven ----

.... og hu Randi- dokka mi.  Samt store Jorisa, vil være med.  Desse dokkene var mine favorittar.  Samt han Kjetil, grineguten- som eg ikkje har lengre. Han vart heilt utsleten. Avrevne vipper - grinemekanismen i ryggen datt ut og etter mating med vatn og kjeks, så mygla han inni magen, stakkar.    Men, Tjorven smile og er blid. Står i ryggen hennar, at ho er laga i 1964 i Italia.  Ho har på seg nymoderne strikkaklær i lilla alpakka-garn, ilag med ho Randi.  Men, der Tjorven sit oppi kofferten min-- så har ho på seg klær som mor mi hekla til meg.  Mamma, var flink å ordne med klær til dokkene mine.  Seinare klarte eg å hekle og strikke klær sjølv.  Slik dilla begynte," kan du sei!"  Jorisa, er gådukke.  Henne strikka eg nye klær til etter Målfrid Gausel si bok. 

For tida er eg begynt på vottekalender til eit av barnebarna.  I fjor strikka eg små sokkar.  Men, desse vottane frå Dale, har vore i tankane leeeenge.    Trur det skal gå greit å få den ferdig på 5 veker.  Tre vottar, strikka igår/dag.  Men, tru meg-  eg har andre ting å gjere og då!  Skal snart til med bøtteballetten. 

Monge, monge takk for fine og hyggelege kommentarar i dei siste blogga mine. 



Vil dela med dåke gratissida til SandnesGarn.  Her er og gamle mønstre å lasta ned.  Bl.a. Suldalskofta.

2 kommentarer:

  1. Så koselig med gamle dokker. Det bodde to stk Tjorven her også. De er så søte!
    Litt av en jobb å lage 24 votter, eller var det fler som skulle ha? Koselig førjulsarbeid da.

    SvarSlett
  2. Det blir ein koseleg adventskalender, mykje arbeid med dei små vottane ;) Men du er nok ikkje lenge om å strikka dei! Fine dokker du har :)

    SvarSlett

Wiolagenseren

... så måtte eg berre strikka Wiolagenseren.  Har lenge tenkt på den.  Men, garn til pinnemål 10 mm ???  .....  Jo, fant ut til slutt, kva ...