10/05/2012

"Puffa stein"

Var med spenning i satte igong vaskemaskin idag.  To rundingar med tråkla strekar (altialt 750 gram garn) vart køyrd på 40 grader ilag med eit utvaska håndkle.  Finvaskprogrammet holdt ikkje,-  dei måtte til pers, ein gong til....     Då våga eg ikkje meir enn eit kortprogram på 30 grader - utan håndkle.  Perfekt tova. Steinar som ser mjuke og behaglege ut, er ikkje å forakta!      Så var det å finna passande knappar.  Kom i hug at eg hadde kjøpt ein messingvase på loppemarked for monge år si.  Oppi den var det slike knappar som antagleg har vore på møblar.  Dei sølvfarga med perlemor, passar perfekt.  Hadde heldigvis og rett antall.   (+ 10"gullige", som berre kan ligga til ein annan gong)      Kjenne på skuldrene at nå må det mindre håndarbeid til -på pinnane.  Prosjekt er påbegynt, så vidt det er. 




Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...