10/01/2012

Risikosport !

Var det ei som sa/skreiv, om toving.  Det kan eg trygt skriva under på!!!!  Eg hekla nokre tøfler idag, av Alaska og Safir.  Sist gong eg strikka og tova Alaska, så måtte maskina gå to gonger på 40 og så 30 grader. Okei, då går me for 60 idag då, tenkte eg. Hmf... frå å være 42 cm long, så krympa dei så det var berre nokre klumpar eg tok ut av maskina.    Men, dei lot seg strekka og forma til ca 38, desse inneskoa.   Blomane som skulle være reim, tvers over; den er berre blitt litt oval her og der.   Godt det var mindre arbeid, og ikkje den steinpuffen eg helde på med. Har brukt 350 gram på overdelen.   Fridagen min, har vore herleg fin.  Gadd ikkje gjere stort meir enn kose meg med håndarbeidet.  Hekla tre armringar og, berre for å teste nokre garnrester.   Det svart-melerte er Milk&Honey, og er mjukt og lent. Kan mest fungera som pulsvarmar! 





Sverdfisk??  Neida, ein liten nøkkelhaldar eg hekla i sydlige strøk. Såg ideen på facebook-  det dukke opp mykje der iblandt.

Planlegge å strikka noko frå denna fine boka eg fekk av Jane! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...