11/28/2012

5 nøster Faerytale

Og ein stor og god lun, uglegenser - er snart ferdig.    Klarte ikkje venta med å blogga om detta.  Får skulda på dagslyset og fotograferinga =)      Så lett ein genser, det vil bli.  Vege då berre 250 gram. Angra på at eg strikka bak- og forstykke kvar for seg.  Kunne glatt ha tatt maskene på rundpinne og felt i sidene, allikavell.  Armane, kom iallefall på rundpinne.  Det går så greit å strikka då.  Genseren, gjorde "a Rigmor" meg obs på.  Fekk tak i det engelska magasinet og planla å strikka denna uglå.  Har ein plan om å bruka uglå, i eit trekk til ein lampeskjerm.  Håpe berre eg får nok garn til det.  Men, da får eg ta i ein annan blogg.     
         Dagane rase av stad.  I ettermiddag, skal me ha avslutning i eit barnalag.  Var oppe og pynta litt igår kveld.  Det  var ei dame på facebook, som hadde laga slike små hjerter i bjørk.  Fant ikkje koppartråd, som ho hadde til å surra dei med.  Men, bast - gjekk vel greit det og??    Rådyret, passa greit inn med fargane sine.  Kjøpte det på www.lunehjem.no     Har sett at Nille har nokre i plast. Fine dei og!    (Ups - eg drive visst med reklame her)   


 La eit kvitt handkle inni, for å markere den hullstrikka ugla betre.


 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...