11/07/2012

Snipp, snapp, snare

Trengte ein hals idag, som matche pulsvantane eg hekla tidlegare i haust.  Då eg hadde ein rest Faerytale, av same fargen - ja, då sette eg igong.   La opp 34 luftmasker.  Byrja i 4. lm med ein stav. Hoppa over ei luftm.- hekla to staver etter kvarandre og så den tredje på skrå over dei to i den lm eg hoppa over.  Fortsatte slik ut rada, avslutta med ein stav.  Då er det berre til å hekle slik dei neste radene. Begynn og avslutt med ein stav, og gruppene med ein kryssa stav over to st. - over dei gruppene frå forrige omgong.  Min hals måle 23 x 27 cm.   Hempa hekla av der tråden slutte.  Sy i ein knapp i diagonalen - brett over og halsen er klar.  Eg lærte framgangsmåten på Landstreff for sneller. Der blei den rillestrikka.         Eit 50 grams nøsta med detta herliga garnet, har altså rukke til både pulsvantar og hals.  Og det besta av alt-  det klør ikkje!


 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...