11/10/2012

Vottetid igjen--- par 3, 4 og 5

Pusle på med tova votter og  pynt på nokre av deg.  Kom over garn frå Hillesvåg- som eg kjøpte på Porselensbuo i fjor. Rart at eg gløyme så fort godbetane eg har i samlinga mi.  Dette garnet tova seg så flott.  Hadde ikkje noko etikett på seg. Dei låg i 100 grams hespler. Fant ei Norsk oppskrift på Ravelry, som heiter ekte sjøvotter. Den har eg brukt til dei store herrevottane og dei lilla damevottane med sau.    Hilde, var på liggebesøk hos oss frå torsdag til fredag.  Ein koseleg fredag med godjenta.  Ho er så glad i å teikne og perla.  Eg fekk lov å være med på sida og strikka.  Fekk god hjelp til middagen. Me bakte pølsebrød- og Hilde ville svært gjerne hjelpa til.    Som takk, må ho få dei lilla vottane med Hello Kitty på.  Dei er strikka i Navia - det tover også flott - og blir mjukt. (40 grader) 



 

1 kommentar:

  1. Sjøvotten er en flott modell!
    Og sauemotivet er bare herlig :)

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...