12/19/2012

Enkle knep

- for å smala inn ein vide genser!  Eg hadde mykje, mykje arbeid for nokre år sio.  Då strikka eg denna genseren i melert Sisu frå Sandnes.  Fletter og atter fletter- over alt.  Var ikkje snakk om å rekka opp alt arbeidet.  Men, så har eg ikkje brukt genseren noko særleg heller.  Fekk ein ide, då me var innom svigerinne T.  i Haugesund.  Ho hadde strikka kåpe til yngstedotter - med spendlar i sidene. Kansje det var fargane i den jakka, som minna meg på genseren min?? Iallefall litt baby merino-garn og to knappar ---  vips så er genseren gøy og brukbar!  Hjartans takk for fine kommentarar i bloggen min.  Uglevottane, drog ut døra - dagen etter bloggen vart laga. Pengar inn på konto for dei.  Så ennå ikkje noko stort lager til epla-butikk, vrangmaska!


Ikkje lett å fotografere seg sjølv, og samtidig være modell!  Jaja, håpe dåke skjønner "tegninga"?!
 

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Det ble noen skrivefeil, så jeg prøver på nytt.

    Du finner løsninger på det meste du Linda :-)
    Dette var smart.
    Koselig å følge med på dine prosjekt via bloggen din :-)

    Riktig God Jul til deg og familien:-)

    SvarSlett
  3. Tusen takk - det var fint å lesa, Signe! God Jul til deg og alle dine og!

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...