12/10/2012

Glitrestrikk

Berre 50 gram, vege dette stykke med hol.  Lanalux frå Lang, som eg brukte til nokre pulsvanter med stjernemønster - - hadde eg to nøster til av (altså då 25 gram pr. nøste)     Eg la opp 147 masker - strikka ein omgong med rille, for så å strikka 3 rett og avmaska 5 ut neste rad.   På tredje pinne, strikka eg fortsatt rett og la opp 5 nye der eg hadde felt. Ein pinne berre rett, etterpå.  For så å forskyva desse hola.  Byrja med avmasking etter 7 rette. (hadde fortsatt tre masker mellom hola) - slutta av med 7 m rett.  Det var det heile for detta stykke som eg no sitje og tenke på kva eg skal gjere.....  Berre ha det som eit sjal/krage??  Eller legge dobbelt og sy litt til under armane?? - då blir det som ein bolero. 

Var til Rosendal idag og fekk tak i meir av da mørkegråa Karisma-garnet, eg trenge til årsteppet mitt.  Strikke att og fram, detta bladmønsteret - og kjem til å sy da på teppet til slutt.  Enklare å ta med seg strikketøyet når eg kan rulla det inn som ei rosa



 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...