12/16/2012

Joda, fleire uglevottar

--- det blei!  I helga, kom Sandra og Erlend, heim på førjulsferie.  Det var jammen godt dei kom forholdsvis tidleg fredag kveld.  Det braka laus med storm utpå natta! Heldigvis ingen skade skjedd.  Då Monica, inviterte oss på kvelds, laurdagen- så hadde eg ennå betre tid å strikka vottar på.   Ei som kjøpte eit par vottar med ugler-  ville ha fleire slike.  Dei er passeleg til jenter rundt 10-12 år når eg strikke dei i Lima og pinnenr. 4.  Ser jo litt pussige ut, før dei kjem på handa. Men, dei sitte godt. Laga eit par litt større med Silke Alpaca og Symphoni frå Drops.  Fargane var omlag akkurat like, kan ikkje sjå eg har dobla garnet med to ulike typar.    Det eine paret måtte bli pulsvantar- mangla litt garn.  Det minste paret fekk snodde rettmasker på brotet og vart litt mindre, fordi eg minska ugla med eit par omgongar.   Greit å kunne variere mønsteret litt.

Nå er eg så godt som ferdig med julegåve-innkjøpa, men manka mykje på baksten!!  Tape meg der, år for år.  Kansje eg skal steike nokre tørre vafler i kveld??? hm..... men, så har eg lyst å byrje på eit par sokkar til meg sjølv i - REGIA COTTON ANDORRA (gåve frå ho R. =) 

Hadde ei oppteljing i notisboka mi. Pr idag, 16.12.12 --- så har eg skaffa meg 27,9 kg garn iår  og strikka ut 22,5 kg (ca 1,6 kg - gitt vekk)       Då er hanskane og kremmerhuset- under her, tatt med.
 Alle uglene har blanke paljettar til auge-  men, dei syne dårleg på foto.

 

1 kommentar:

  1. For et tempo pinnane har i Herøysund da, du imponerar! Trur du må få deg epla-butikk etter kvart:)

    SvarSlett

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...