12/09/2012

Julatur til heimlege trakter

Ei skikkeleg helg med god avkobling.  Har fått møta monge i mannen's og mine familiar.   Strikka på bånd til årsteppet mitt.  Kome tre meter i veg, og manglar då 2 m.  Slapp opp for mørk grå (nesten svart farge) av Karisma.  Heldigvis at eg hadde med meg noko Luxor garn frå Lang.  Så hadde eg noko å gjere på. Mor mi stod på kjøkenet heilt frivilleg.  Nytta ikkje å blanda seg inn der - så difor så god tid med pinnane!!  Julegåver er levert og noko hadde me med oss heim.  Godt at bilen romma mykje - du og du!  Her blir det Jul.      Laurdag, fekk eg gå på gamle trakter og handla litt.  Innom mor mi sin "stam-kafe", fekk eg og tid til.     Idag- sundag, fekk Jan og eg være med på julamiddag på eit hotell i Haugesund.  Sat stappmett heile vegen heim- og har ennå ikkje orka å lage meg kvelds!   Må ta med den fine tunikaen- mamma har strikka til oldejenta, Hilde.   Mamma, er ikkje på nett - så eg føle behov for å syne min læremester sitt arbeid! 




 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...