12/29/2012

Laga meg jobb

Nå i romjula har eg kosa meg med skikkeleg.  Fått dei unge heim og huset fullt av liv. Dei søve lenge på dagen, så det gir meg fortsatt gode morgenstunder til strikketøyet mitt.  Her ein dagen, drog eg ilag med ei venninne til storsenteret.  Var flink og berre kom heim med eit nøste - Kitten Mohair.  Det var så fin blenk i det, -  sølvtrådar.  Blanke knappar fant eg og fatt i.   Så rota eg fram eit mønster på nokre vottar med spesiell teknikk.  Tenkte eg skulle lage meg nokre lekre pulsvantar - men, der ombestemte eg meg fort.  18 i-cord'ar med to lause trådar kvar til å feste!!!  Aldri i livet, om eg gadd å lage ein til, på den måten.  Nei, så var det å tenke å strikke ----  strikke og tenke.  Det vaks seg til, - ei lua.  Eg har ennå bittelitt igjen av nøsta på 50 gram.  Strikka på 2,5 mm pinne-  ikkje 4 som var foreslått.  Er igrunn fornøgd med passforma og.  Det er høgst uvanleg til meg, å være!

 Strikka på tvers med 54 masker. Ein god del "snu" der kor stykket buar seg.  (Strikka 15 m - snudde og så neste gong 30 m og deretter 45 m) Men, i begynnelsen og slutten av stykket, blei det ca 8 cm uten å snu.   Snurpa lua samen i toppen - overlappa litt i sida og monterte med knappar.
 

2 kommentarer:

  1. Du sit aldri fast, det blei ei flott lua!
    Koseleg med liv i huset, me koser oss her og med dei to minste barnebarna :)

    SvarSlett
  2. Knallfin lue -unikt mønster og nydelig farge!
    Du er så kreativ og finner alltid en løsning ;)

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...