12/26/2012

Morgenstund -

..."har Jul, i munn"!   Det er bare så roligt og kjekt her, når eg får stå opp aleine og tusle rundt i julepynta hus og kose meg.  Me fekk kaffimaskin til Jul, så eg sitter her med ein fin kopp og nyte den .  Omtenksomme familie og vener, har gitt oss/meg, så mykje flotte gåver - 1000 takk!   Skal eg ta med dei innen hobbyen min, så er her mykje å kose seg med. Lykt med åttebladrose, halvt års abonnement på StrikkeMagasinet, to herlige garnnøster i alpakka frå Peru, Kreative Ideer, te og snop - som eg like veldig veldig godt!   Sjølv om eg har vakter på jobb, så har eg Juleglede og ro.
         Igår var me til eldstedotter på middag og kaffi, etter tidlegvakta mi.  Var så fint å sjå barnebarna og gleden deira.   Stabburet var pynta - så fint! 

Eg får slappe litt av med sokkestrikk og musikk på nye spelaren min. Regn og mildvær ute, gjer meg ingenting!






Barnebarna har  pynta pepperkake-borg

Stilig med den gamle traktoren, utafor. Det er svigerson sin gamle Dexta, som han bruke til vedarbeid og slikt.

Strikka julapynt i stova vår.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...