12/24/2012

Overraskelsar

Det kan eg lika!!!   Både når det gjeld Julegåver, besøk og hendelsar.   Men, at eg skulle finna eit overraskande nøste - det hadde eg ikkje venta.    Kjøpte meg nokre spennande garn-nøster på jernbanen i Bergen i sommar.  (Heile butikken var eit must for meg innen denna hobbyen min - berre for å sei det ein gong til =) 
       Nå har eg funne fram noko fint sokkegarn og strikke til meg sjølv.  Då eg var komen til hælen, så ramla det ut ein spole frå nøsta.  Og gjett då??? he he - det var forsterkningstråd i same fargen. Nok til både hæl og tå.    Ein liten men stor glede! 

Igår hadde me gjester.  Små og store vener, barn og barnebarn - var samla til graut med mandel.  Eg sjølv fekk mandla!  Så vart overraska der og!    Fleire gjester var innom døra igår.  Kosa oss så mykje!  Jan og sønene våre, pynta treet - medan eg laga riskrem.  Endå var det tid å sjå på TV og strikka.    I dag, har eg fått handla litt melk og varer til Helligdagane.  Nå skal eg sjå litt på Askepott og så gjere meg klar til Gudsteneste i Uskedalen kl 14.oo.    Så er det heim til herlig lukt av pinnekjøt og pakkar som ventar under treet.    God Jul igjen til dåke alle som kikke innom bloggen min!

"I dag er det glede, eit under har hendt -   Frå Himlen til jorda, eit barn er blitt sendt!"






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...