12/27/2012

Sokkar til meg sjølv

Og sokkar gitt i gåve.  Nå kan eg endeleg visa dei - fniiis.  Men, er såpass jobb med å konta at eg tykje dei er verd ei ferdigstilling i bloggen min.  Når ein konta så må ein plukke opp masker for kvar ein lapp- strikke den og fella.  Lagde ikkje hæl, på desse- for konstrikk gjere sokken elastisk. Dobla Fabel for å få eit haldbart og fast resultat.  Ein jobb eg ikkje gidde gjere for ofta, tar for long tid - men, kjekt å gje til ei som ønska seg slike!!

Mine sokkar er i da Jawoll-garnet som hadde overraskelse med seg.  Synd at mønsteret ikkje vise så godt i dei dongerifargane, garnet har.   Men, dåke kan sjå på sida - der i Simply Knitting - korleis det er då. 

 Må ta med gratulasjon til Ådne-guten, som er to år idag!  Det er han som sitte på sparken min, øvst i bloggen.  Glede meg til å dra i selskap i ettermiddag - og treffa både han og dei andre!

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...