1/05/2013

Arbeid som yte garnet rettferd


Eg fekk to nøster Etniko alpakkagarn til Jul.   Dei var alldeles nydlege å kjenne på.  Venninna mi må ha kjøpt dei på tur til utlandet, for her til lands trur eg da må leitas lenge etter dei.  Nokre som veit, så vil eg gjerne vete!!!  På nettet ligge dei til 64 dollar stk. www.etniko.com.pe
    I fjor lagra eg eit mønster frå Berroco.  Det syntes eg passa godt for gåvegarnet mitt.   Ikkje klør garnet heller - og det blei så greit å bruka til noko som ikkje slites i bruk.     Men, eg måtte juksa litt då eg fekk litt for lite.  Så min hals er mindre enn den i mønsteret. Eg snudde stykke og strikka/sydde samen botn og topp.  Tok opp masker i sidene, og ribbestrikka der istaden.  Tre "gjørselv"-knappar blei meir passande enn frå knappa-eska mi.  Berre bittelitt av det grøne garnet att.
http://www.berroco.com/exclusives/winterfloral/winterfloral_2.html#color[9/22/2010 8:44:49 AM]
Håpe de får opp mønsteret - det skal ligga gratis på sidene til berroco!

 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...