1/27/2013

Ei heile "bodda" med....

Mønstrar!!!!   Det fekk eg igår, av ho Jane.  Ho veit kva som skal til for å få smilet på plass!  Så mykje lekkert å ble i.   Nå kan eg leite fram både strikkabunader, vottar, luer, hanskar og mykje meir.  Ingen av desse magasina hadde eg frå før. Det er godt gjordt- for eg har kasse full av gamle mønstrar - det skal ikkje stå på det!     Både engelske og norske utgåver.

  Har rota fram ein godbet frå eit av dei amerikanske eg fekk av ei anna venninne (frå sin tur til Los Angeles)   Det er nokre sokkar som Amy Palmer, har designa.  Likte mønsteret godt.  Det er dobbelt perlestrikk i såla, og dermed vart dei ikkje så "slasket" der, når resten går i riller.  Men, knappestolpa den vart slasket. Irriterande!!  Nå prøver eg ein ny variant på pinnane- i Lima.  Då skal eg strikke knappestolpa i rett og vrang.   Dei cerise-farga er strikka i Fabel og Senja.  Dobla, for å få rett pinnestørrelse.  Amy, har brukt pinnestr. 4,5 mm og garn som ikkje er superwash-behandla.   Resultet mitt vart nok litt annleis då eg nettopp gjekk for superwash.  Men, eg brukte berre pinnestr. 4 mm - og allikavell vart dei mjuke og elastiske.  Desse sokkane blir nok ein favoritt, på mine pinnar.  Kjekt med knappepynt og at dei sitte godt på foten.



 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...