1/24/2013

Festdrakta ferdig

Det har ikkje tatt få timar å montere denna idag.  Men, når eg allikavel må halda hus pga influensa, så var det igrunn greit å sitje med dette arbeidet.  Nå glede eg meg til å laga pakke.  3 årsdagen, er om ei veke!   Tykje sjølv eg var lur, som fant på å kjøpe ein Lucia-kjole frå Kapp-Ahl.  Dei måtte langt ned på lager for henta fram kjolen.  Den hadde så fine kniplingar rundt krage og ermer, som minna om bunadsskjorte.  Nå sleppe skjørtet på festdrakten å klø, då jenta får underskjørt. Måtte tråkle opp sidda på Lucia-kjolen, men det var ikkje stor jobb.   Verre med å sy på blomsterbandet- for hand.  Det tok si tid!!  Eg strikka beltet ganske stramt når det skulle heile 5 fargar til i mønsteret.   Sølvbanda, broderte eg på med Chicago.  Ein liten lapp med "mormors gullklump" er festa nederst på innsida av skjørtekanten.  Sølje, har barnebarnet allereie.     Har grådig lyst å strikka ein liten festdrakt til--- då til dokka hennar Hilde.   Så nå veit dåke kva eg skal sitje med i kveldinga?!     Takker for alle fine kommentarar, forresten.    Det går på fram med helsa og no, men skal ikkje store sprella til før eg må sitje nedpå.


 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...