1/13/2013

Jojoland's Rhythm

DET- er eit garn eg like godt!  Det har lagt og ruga litt i strikkekorga mi.   6 nøsta eg kjøte frå WEBS yarn på nettet, i fjor ein gong.   Såååååå herlege fargar som appelere til min sterke hang for pastellar!  I eit Drops magasin- 133/33 - fann eg den fine vesten/toppen.  Glad i fletter og eg, ser dåke!   Men, eg skulle så gjerna hatt eit nøsta til.  Då hadde eg fått vesten i rett lengde som mønsteret anbefale. Skal søka litt og kosa meg nå i natt, tji hi---- nett som ungdommane!  Dei knappane eg har lagt på vesten, skal eg IKKJE bruke.  Dei er og for små.    Etter endt arbeidshelg, var det herleg fint å fyre på peisen, strikka og prata litt i telefon.  Det er liksom så mykje ein har lyst til, når ein kjenne på at ein har fri- "littegran" ??  Vare ikkje lenge,- veka har nye dagar!

  Eg har eit anna arbeid i korga mi- og eg.  Det er den fine festdrakten som var mønster på i Familien i fjor.  Hilde-jenta, verte snart 3 år, og mormora har lyst å få den ferdig til då.  Men, Silja er tynt garn å jobba med. Stakken har  nesten 300 masker, rundt.   Litt kvar dag, så vekse det.   Skulle berre ha gjordt ditt og datt - samt ordna litt i skap og tøler.  Jaja, eg er flink å skyve slikt forran meg.    Ein STOR glede har eg nå fått kjøpt flybillettar til.  Skal til Trondheim i mai med årsteppet mitt og treffe andre med sitt!  Jippi, så "skoy" det skal bli!
Joda,   fekk tak i nøste og vell så det- her: http://www.wollbox.de/epages/61169902.sf/de_DE/?ObjectPath=/Shops/61169902/Categories/LANG_Yarns  og dei hadde og Lang Yarns som på jernbanen i Bergen Norwegian Spirit!  Jippi!  Eg har brøte ein "barriere" i nettverden idag-  skaffa meg PayPal-konto.  Så nå leve eg kansje litt farlig med hobbyen min.  Mogleg det vert meir impulskjøp på meg, då ja! 

 

9 kommentarer:

  1. Nydelige farger som passer deg veldig godt!
    Kan bare ønske deg lykke til i jakten på det siste garnnøstet ;)
    Flott festdrakt du strikker til Hilde.

    SvarSlett
  2. Fin vest i nydelige farger:-)
    Og den festdrakten er så nydelig. Jeg har også planer om å strikke den til mitt yngste barnebarn. Men venter litt siden hun bare er 10 mnd. enda.
    Er det original båndet som er brukt i oppskriften du har fått kjøpt ??
    Har hatt inntrykk av at det har vært litt vanskelig å få tak i.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vanskeleg å seie, Signe!! Eg kjøpte båndet på "Porselensbuo" eg har bildet av nederst i bloggen min. Hu Kristlaug, har ein del bunadsstoff og slik- så kan være det er orginalen då.

      Slett
  3. Koselig vest, håper du finn tråden du manglar. Festdrakta er nesten som ein bunad, vert nok eit stasplagg til ei lita prinsesse den. Ja trondheimsturen skal bli super, gleder meg masse!

    SvarSlett
  4. Nydeleg vest med fint bærestykke, liker og fletter ;)
    Årsteppe-tur, den idèen var super, ser fram til å reisa!!

    SvarSlett
  5. Vesten du har strikka er heilt nydeleg ! Håpar du får tak i meir garn !
    Festdrakta til Hilde vert riktig eit stasplagg til ei prinsesse !
    Det blir nok ein opplevelsestur du får til Trondheim. Å koma saman de som har
    laga noko ilag, det vert nok eit minne for livet !!!

    SvarSlett
  6. Hjarteleg takk for innlegga! Det er så kjekt å lesa.

    SvarSlett
  7. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  8. Jeg måtte redigere innlegget Linda :D flotte strikkerier du holder på med, kjempefine!

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...