1/08/2013

Smått i retrofargar

Eg har måtta ty til litt småting på håndarbeidsfronten.    Detta fordi ein del årsmeldingar og rapportar ville eg  ha  frå meg -i helga.     Satte igong med oransje Arwetta eg fant i strikkekorga.  (Gode minner dukka opp, for eg vant Arwetta på "gamle Trådsnella"- gruppa Nøstet)  Brukte den ilag med brun Baby Merino frå Gjestdal.  Eldstedotter hadde stilige knappar å foræra "hu mor".  Ho M. er jo blitt bitt av strikkedilla og kjøper seg både garn og knappar på nettet.  Kjempekjekt!! 
       Mønster til dei enkle babystøvlane er designa av Rachel Søgaard (Filcolana AS) Huske desverre ikkje om mønsteret ligge der gratis. Verd å prøva dei søte danske!  Dei "uggs'a" som er hekla er henta frå Ravelry og designa av Paige Bruzdowski. Gratis mønster på engelsk.  Likte det ikkje heilt- så har justert noko til "mitt".  Typisk meg,  håpe ikkje dama blir sur for det??? 
         Pulsvantane er strikka i dobbeltstrikk. Henta leopard-mønster på Drops sine sider.  Men, det må eg skriva, at det var ikkje noko lett å få til dei flekkane i denna teknikken.   Tanken på å speilvende fargane - klarde eg ikkje å følge.  Men, da gjer ikkje så mykje om innsida er mest oransje i bakgrunn den med.  Lune blir dei.  Og knappane gjorde prikken over i'en !!!   Neste gong blir flekkane strikka på rundpinne eller strømpepinnar.



 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...