2/26/2013

Dokkevask

Me har ein ven som snart skal køyre trailer til Ukraina.  Dei er svært fattige der og treng varme klær. Men, så har eg og høyrd at det er kjærkoment med leiker til borna.  Hamstringa mi, komme til nytte. No har eg tatt fram frå loftet, avlagde dokker og dokkekle.  Vaska både i badekar og vaskemaskin. Kledde opp nokre barbie-dokker og håper dei får ny sjangs til å bli putla med.  Gode minner når eg ser over det ei strikka og sydde til jentene våre.   Nokre av deiras yndlingar blir igjen heime - sjølvsagt.  Allikavell er det ganske mykje av vår overflod som skal i veg.

Fekk eit "stalltips" om salg på Porselensbuo, igår.  Så der berre måtte eg ein tur å kjøpe Silja og det nya garnet til Drops.  Gleder meg over kvart eit nøsta! 

 

2 kommentarer:

  1. Hei :-)
    Bare ett spørsmål :-)
    vennen din som skal kjøre trailer til Ukrania med varme klær , han/hun bor ikke i nærheten av Bergen ?
    og trenger mer klær å ha med seg til Ukrania ? :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Han bor her i Kvinnherad og traileren kommer ifrå Haugsund, to dager 8. og 9. febr. i Uskedal. Traileren drar til Ukraina den 15., men ikkje via Bergen. Da blir det over fjellet via Odda. Men, flott å få spørsmål om dette.

      Slett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...