3/02/2013

Elastiske barnevottar

- samt ein utflukt til "heimalandet" - med innkjøp då av garn og strikkehefter, sjølvsagt!

Vottane fant eg mønster på garnstudio.com sine sider.  Dei var strikka i Eskimo der og pinner nr 8 mm. Ergo, raske å laga.  Eg brukte Symphoni, blanda med alpaca - begge frå Drops, og blei  svært elastiske vottar.  Dei minste vottane her, har mål til å passa 3-5 år.  Dei største 9-11 år.  Monica, forsvann med dei største til dotterdotter mi, sjølv om ho er  berre 3 år.  Greit med "voksemed" vottar??!

Garn vart kjøpt både på Sparkjøp og i den garnbutikken eg vaks opp med.  Det er kjekt når Monica, er bitt av strikkedilla, og shoppe ilag med henne. Litt gardinstoff kjøpte eg og med meg, frå Sparkjøp. Digge det med hønsa på. (Salg, kr 30 pr meter!!!)  På Narvesen, fant eg to strikkeblader til baby. Det eine på tysk og det andre på engelsk.  Veldig greit å få inspirasjon til fargar og nye modellar.  Beherske best den engelske versjon av utenlandske mønstrar, men skal nok klare knote meg igjennom den tyske og.

 Eg bør snart strikka til vårt 4. barnebarn (kjem i juni) -   då er det greit med fine idear!

2 kommentarer:

  1. Så mye flott garn! Likte særlig den babyulla lengst til høyre. Hvor har du kjøpt den?

    SvarSlett
  2. Åååh, her var det mykje snadder. Gler meg til å komma bla i dei heftene dine, dei såg spennande ut! Virke som dåke har hatt dåke ein koseleg tur:)

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...