3/12/2013

Frå lange til korte armar

- på eit øyeblikk!   Det er nokre amerikanske hefter eg har fått av ei venninne - med myyyykje fine strikkeoppskrifter.  Blandt anna ein genser som gjekk frå 6 mnd. opp til voksen størrelse, i "Weekend Knit".  Eit mønster som blir kalt for "half linen" blir brukt i bråt, kantar og midtstykke opp mot halsen.  Dette stykket måtte eg strikke ekstra omgongar på, for det krympa i forhold til sidene med glattstrikk.  Ein god del å passa på.  Alt i eit stykke skulle armar og rygg og jobbast fram.  Eg haldt alle mål med inch og greier, MEN fekk så lange og slanke armar.  Giddalaus som meg er, så zikka av på armane og strikke ein kant der.  Den får duga slik- tenker eg.  Knappejakt må til- desse kvite er litt for store.    Nå har eg iallefall noko til jente og noko til gut.  Me veit ikkje kva dotter Sandra føder i juni. 

 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...