3/14/2013

Gamle broderier i gåve

Hadde nesten gløymt dei ut  ---  fyyyy meg!!! Tenk lika før Jul, fekk eg desse gamle skattane av ei dame som veit eg likar slikt.  Sjølv har og sansen, men ikkje tilknytning til desse frå slekt eller familie.  Det var dotter som hadde komme over dei, på eit loppemarked rundt Oslo-traktene.  Så ingen av oss veit kven som har brodert.   Nokre sting sirligare enn andre - det gjelder og monteringa så klart.  Men, allikavell - mykje arbeid lagt ned!  Nå har eg lagt den eine ilag med sølvtøy og skåler på den gamle skjenken etter mormora mi.  

Stor glede i går! Garnbestilling kom i posten og garn på salg på "Baronessa" (Husnes).  Misti og noko anna mjukt og tjukt alpakka-garn, skal visst utav sortimentet-  så dermed på halv pris.  Kjøpte ikkje så mykje då eg var på jobb og hadde ein brukar med meg.  Får håpe dei har litt meir når eg kjem innom seinare ein dag?!  Typisk meg-  må ha betenktningstid!


 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...