3/24/2013

Krokodille-hekling

I tynt, tynt garn frå Kina.  Fekk noko garn til morsdagen, som heiter med Norske bokstaver; Fenghwang wool.   Brukte detta enkelt på pulsvantane og dobbelt i halsen.  Utruleg mjukt og godt garn.   Hadde to nøster på a 50 gram- men, trur eg brukte tilsamen litt over det eine.   Mønsteret stod i Familien nr 1 detta året.  Mykje arbeid i å hekla eit heilt sjal, derfor juksa eg med ein hals.  

Har vore på ein liten fjelltur i førmiddag.  Gjorde godt å koma opp i høgda og få frisk luft i lungene.  Nå er eg freista til å setja meg ut på altan og hekla meir krokodille-mønster.  Då med detta garnet eg fekk i posten i går.  Eg har ei snill "snelle" som veit å overraske med slike kjekke gåver.  Ikkje prøvd garnet før, men det ser fint ut i fargane!  To heklenåler fekk eg og.   Det er fortsatt kaldt og mykje frost her på Vestlandet, så sokkar er ein god ting ennå ei stund.




 

2 kommentarer:

  1. Å, det såg ut som du hadde vore på ein herlig tur! Garnet var vårfriskt i fargane, spent på ka du tryllar fram av det!

    SvarSlett
  2. Uansett ka du får i nevane, heklenål eller strikkepinnar, så tryllar du fram
    dei lekraste ting !
    Flotte bilder du viser her frå turen din ! Utsiktsbilde over bygda var nydelegt,
    men syner at det blir nok ei stund til grønsjeret kjem på bakkane !
    Det er vel dette dei kallar "drøymepåskevær".
    Ha ei fin påskeveka !

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...