3/23/2013

Mykje montering

-- kjem det til å bli når halen til katten, er ferdig!!  Kjøpte Alan Dart sitt mønster på Tabby, med det mål å strikka vår katt sine fargar inn i mønsteret.  Glede meg til å sjå om det liknar ho Mindy. Men, først mykje saum!!

Var i selskap til " vrangmaska" i går kveld.  Ikkje verst å sitje 5 damer å strikke og skravle slik ein fredagskveld.  Mon det ikkje er ei bok som heiter det??? Fredagsklubben??    Lykka og for meg å få med meg heim 15 sett med strikkepinnar i bambus.  J. hadde tatt med ein bestilling for meg, ifrå Kina.  Vell verdt å våga seg på, til berre kr 149,- for heile settet.  Billigare strikkeredskap får ein ikkje, - vil eg tru?  Nå skal eg sjå over kva eg treng sjølv, så dryppe det nokre sett på døtrene våre som er kommet inn i strikkeklubben!

Ellers har eg i da sista foretatt nokre nye bestillingar på nett. Har leita etter ein long rundpinne i Ibenholdt.  Den ventar eg på herifra http://www.ho-strik.dk/       Dei tok ikkje så mykje i frakt og når rundpinnen kom på ca 75 kr - så var det ikkje noko å stussa på.  Andre stad, tek dei ifrå 30-50 kr meir.   Eg måtte jo og ta med litt garn.  Bestilte og garn ifrå Holst garn i Danmark.  Gode prisar der! Kan blogga om det når garnet kjem!


 

1 kommentar:

  1. Eg er veldig spent på å sjå Mindy ferdig samansydd, trur det verte bra.
    Må nok sjekka opp Holst Garn eg og nå, du er flink å lokka meg utpå sånne sider:)

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...