3/18/2013

Sokker i pasteller

Crazy Zauberball, måtte prøvast.  Det garnet hadde så fine fargar!!! 100 grams nøsta - vart til sokkar med rysjekant og babytøflar.  På dei måtte eg spe på med litt fabel i såla.  Det matcha Zauberball-garnet, både med tykkelse og at det var superwash.  Sokkane er strikka med pinnestr. 2 mm og passa meg bra, uten at eg har brukt noko oppskrift.

Eg har kosa meg med besøk i førmiddag.  Først eldstedotter med dei to yngste - og så ho J. med strikketøyet.  Nå går eg og tenke om eg skal starta på å strikka ein katt,--- eller jakke??!!  Kansje katten først, for eg trur augeknappane kjeme snart i posten.  Det har vært litt styr å få tak i rett størrelse, men fant på "etsy".  Så kattemønsteret frå Alan Dart, blir nok prioritert.
La opp 120 m i starten på sokkane. Strikka ein omg. rett og ein vrang.  Deretter felte 2 og 2 sm. = 60 m til resten av sokken. Strikka så 3 rette og 2 vrange.  På kvar 4.pinne strikka eg sammen dei tre rette m, tok eit kast og strikka dei rett sm. -ein gong til- før eg tok dei av pinnen.  Dette kalles Daisy/stjernestrikk.  På sokkane mine ligne det fletter, men det gjer ikkje noko- likar fletter eg!


 Monge monge takk, for hyggelege tilbakemeldingar i tidlegare bloggar!

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...