3/27/2013

Tøfler i full fart

Det gjekk i alle fall fort å strikka desse ; http://www.allsaintsws.org/documents/SeamanInstitute/2008_patterns/SlipperPattern.pdf
Dei er frå Sjømannskjerka sine sider, og blir kalla Nola's Knitted Slippers.  Mønsteret er på engelsk, men la ikkje det stoppa deg.  Har du tenkt å utfordra deg sjølv på engelsk mønster, så er desse ideele.  Einaste du skal legge merke til er pinnestørrelsen her.  Det står size 9 = det er 5 mm for vårt språk.  Eg tok og strikka vrangborda i eit stykke før eg tok over til "attogfram" strikk (riller).  Brukte dobbelt med Silja i det lilla paret.  Blanda rester av det kinesiska garnet ilag med Lima frå Drops i det brun/rosa paret.   Under foten maska eg samen.  Angra fælt på at eg ikkje har følgt meir med i timen, då venninne "vrangmaska" og dotter, har vist meg samenstrikking av bestemorhæl.   Då hadde det blitt mindre saum .    God strekk i tøflene og tenker dei kan passe  både liten og stor damestørrelse.

Nå skal eg over på eit større prosjekt og då blir det nok ganske stille her på bloggen min ei stund framover.  Takker for hyggelege kommentarar og oppfølging på framvisteljaren. Er ganske overraska over alle som kikke innom.   God Påske!


 

4 kommentarer:

  1. Goe varme tøfler er godt å ha til denne noko kalde påska !!
    Lukka til med nytt prosjekt !
    Ha ei flott påskehelg !

    SvarSlett
  2. Disse ser gode ut:)
    Ha en fortsatt fin påske!
    Klem

    SvarSlett
  3. Skjønne sokker. Ser ut til å god passform også, slik at de blir værende på foten :)

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...