3/25/2013

Vårlege krokodillesokkar

Jau, det går vell ann å kalla desse?!  Eg berre måtte ta fatt på det nøsta eg fekk i posten laurdag.  Passa så fint no til Påske!  Jærbo Mellanraggi med trong for pinnestr. 3 mm og på 100 gram - rakk til eit par sokkar i str. 39/40.  Eg var litt usikker på det, så i krokodillemansjettane har eg brukt nokre garnrestar i anna superwash garn. 

Pakke frå Danmark kom i posten i dag.  Det var rask levering og veldig kjekt.  Glede meg til å strikka med Ibenholt pinnen. Eg kan ikkje angra på å skaffa godt verktøy til arbeidet mitt.  Arwetta-garnet, er ganske tynt, men sterkt og superwash.  Likte så godt kvitfargen og den mørke petrol- men, alle tre fargane passe fint samen.  Ei lita notatblokk følgde med.  Koseleg, samt fin påminning om eit bra nettstad for min hobby!! 

 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...