4/23/2013

"cb og cf" -skrives det i engelske mønstre

Og skal eg med min grunnskule-engelsk, oversette?! Så lyder dette omlag slik ; cabel back og cabel front.  Det blir brukt når ein strikker fletter.  Fant ei jakke i Simply Knitting (nov.2010)  Med denne teknikken så treng ein ikkje bruke flettepinne/hjelpepinne.  Skal prøve å skrive ned oppskrifta eg har funne fram til i desse to luene.  Strikka i Bris frå Gjestdal.  Herlig garn av ull og soya - halvparten av kvar.  Eg hadde sjølvsagt liggande 6 nøster på lager - og, trur dei har gått ut av produksjon?! Desverre!  Då eg strikka så tenkte eg ikkje på at i oppskrifta hadde dei brukt hjelpepinne, dermed så klarte eg å strikke omvendt rekkefølge på "vriane". Dette på den koksgrå lua.  Men, mønsteret blei lika spennande det - og  kansje ikkje nokon som ser da ein gong??? Eller...?

Brukte pinnemål 5,5 mm (litt spiss på pinnen er ein fordel her)
La opp 75 m og strikka første omg.; rettmasker rundt.     Deretter slik:
2. omg.: 2 vr, * 2 r, 3 vr.* - omg. ut   slutt med 1 vr.
3.omg. :    Gjenta    "           "                "             "
4. omg.:  1 vr.*  ta så 3. maske og strikk den rett foran 2.maske. (ikkje løft over ennå), strikk så 2. rett og løft over til høgre pinne.    Deretter strikk rett, bak i 5 maske (ikkje løft) - strikk så 4. m r. *
5. omg. : 1 vr, * 4 rette m (over flettene) og 1 vrang -  (som heile tida skal være vrang på alle omg.) blir ikkje vr.m til slutt her på denna omg. Den går inn i fletta.
Gjenta 2. og 3. omg. før ny fletteomg.

  Luene eg strikka, blei 25 cm før felling. Då fella eg på annakvar pinne.  Først i berre dei vrangstrikka felta, så ein gong til der - eller om du vil - i dei rettstr. felta. Smaksak.  Siste felleomg. 2 og 2 rett sm.  Dra tråden igjennom sluttm. og fest godt.

Eg har planar om å strikka hals av dei andre nøstene i burgunder fargane.  Då tenker eg å auke i dei felta med vrange masker, etter 8 cm.  Dukke kansje opp her i ein annan blogg.




 

3 kommentarer:

  1. Mønsteret på desse luene var kjempefint! Det gjekk gjekk veldig godt å vri feil veg, det blei jo fint ;)
    Ps. Har du snart reisefeber? Det kribler her ;))

    SvarSlett
  2. Synes begge luene ble fine. Synd dette garnet er gått ut. det var godt og mykt.
    Tusen takk for koselig besøk i bloggen min.

    SvarSlett
  3. Så flotte luer. Ser ut til å være luer som sitter godt på :)

    SvarSlett

Wiolagenseren

... så måtte eg berre strikka Wiolagenseren.  Har lenge tenkt på den.  Men, garn til pinnemål 10 mm ???  .....  Jo, fant ut til slutt, kva ...