4/17/2013

Dokkeklær

Fant fram eit nøste Baby Marino - eg fekk av ei snelle i Nord.  Det er acrylgarn og då tykte eg det passa greit til dokkeklær.  Kjempefine fargar i detta nøsta.  Det er på 100 gram - og har ennå halvparten att, - etter kjole, lue og truse til Isolde-dokka.   Har prøvd å strikka slik at da ikkje blei trong for knappar og strikk.   Dokka laga eg for nokre år si no.  Blir det jente i juni - i barnebarnflokken, så må nok ho få denna.

I går kom det pakke frå www.stofstedet.dk            Stor fryd for meg å åpne - då eg kom heim ifrå seinvakta.   Ennå eg sjølv som bestilte detta!  Skulle berre ha ein meter med knappebånd -( fekk ikkje tak i slikt her heime) - og så trilla da med noko lekkert i bomullsgarn.  Nå som varmesesongen kjem - forhåpentlegvis - så er det greit å ha egna garn på hand! hm hm .... litt av ein unskuldning for å handla?!

 

2 kommentarer:

  1. Søtt sett til dokka! Herleg garn er aldri feil, eg får pakke i dag ;)

    SvarSlett
  2. Lekkert sett til den fine Isolde-dukken din!
    Og garn kommer alltid godt med ;)

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...