4/14/2013

Feil årstid for hanskar-

Men, nå er dei ferdige! Og klar til neste vinter. Gjekk som eg trudde,- hanske to var mykje enklare å strikka.      Me fekk regn og mildvær idag. Hadde nesten gløymt korleis vestlandsværet er.  Det knirker i dører og blåse sterk vind rundt nåvene!  Skikkeleg vær til å kosa seg med strikketøy.  Eg planlegge å strikka eit par "lobber" til meg sjølv i Sanquhar-teknikken.  Litt greit å være med på ein slik along. Lærer historie og får bryne dei små grå.  Handarbeidslærerinna mi, sine ord frå ungdomskuletida; "Nå skal du gjere detta skikkeleg, Linda!"  (altså ikkje dura i veg og juksa =)

Eg snopa meg nokre koppar igår - på ein butikk som selge både brukt og nytt i nabobygda Uskedal. Det står Rosendal/Hardanger på moccakoppen - det er nå litt feil.  Rosendal høyrer ikkje til i Hardanger, men nokre like å kalla den bygda for porten til Hardanger.  Fin er nå koppen.  Eg har nokre andre slike små koppar, må kansje ta med dei i ein annan blogg?   Liten del av "hu Linda" - med hang for smånips og duppedittar.  Som knappar og glitrande maljer - eg fekk tak i på Nille og "Baronessa" . Små gleder, veit dåke?!    Tusen takk for fin ros på arbeida mine!  Det gire meg opp til å villa strikka endå meir!

Ei halvtimes økt i hagen - igår, gjorde godt! Nå skal våren koma.  Fant berre ein fargeklatt med blomar då  ---  ellers var alt brunt og bart hjå oss.





Godt gøymt under pjask stod ei tue så fin -  den hadde yndlingsfargen min

3 kommentarer:

  1. Du har hatt skikkeleg fart på siste hansken, og resultatet blei flott!
    Kjekt å sjå at våren er på veg. Snøen har låge her rundt huset til nå, men i dag er det regn og mildt så nå er det håp!!
    Koppen var fin :)

    SvarSlett
  2. Heldig han som har fått seg så flotte hanskar frå pinnane dine, og heldig du som er ferdig! Må sei eg er imponert over farten. Deilig med vår, ja nesten litt deilig med regnet som kom og. Håper berre ikkje det skal vare like lenge som finaveret vi har hatt i vinter.

    Koselig å kunne gjere slike gode og lure kjøp i nærområdet.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med ferdige hansker!
    Kjempefin fargekombinasjon du hadde :D
    Nå skal det bli spennende å se Sanquhar-sokker -er vel ikke lenge før du har strikket dem ferdig tenker jeg ;)

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...