4/25/2013

Hals og pulsvanter som matcher

- luene - frå forrige blogg.  Eg la opp 75 m til halsen.  Strikka 8 cm og byrja auke 2 masker i kvart felt med riller, etter kvar rapport med fletter. Kom opp til 195 masker rundt då til slutt. Strikka ein omgang rett,- snudde halsen slik at eg felte frå vranga.  Det blei finast resultat, tykte eg. Pulsvantane er uten tommelfeste.

Må syne den fine Pelargonia, eg fekk avleggar frå ei venninne.  Me kaller den "baronessa" - frå den gong eg stjal ein liten avleggar frå drivhuset i Baroniet.  Min døydde ut, medan venninne K har med nensom hand teke vare på denne fine utgåva.

Idag har eg fått meg ein kulturell opplevelse.  Fekk invitasjon til 4.klasse's morgensamling i nabobygda.  V., som går i den klassen, var kjempeflink med å framføre info, songar, musikk og leik frå monge land og verdensdeler.  Utruleg flinke born!  Etterpå gjekk turen til "Porselensbuo" - til litt fornøyelse/fornying- der!  Ho Kr. selge ut broderipakkar til halv pris.  Eg kjøpte smekker med felt til å brodere namn og søte små babyting på. Eskimo-garnet var fortsatt til kr 15,- pr nøsta. Falt så for den fine rosafargen!



 Bokpakken eg bestilte frå Amazon, kom tidligera enn forventa. I boka om Sanquhar-mønstrar, var det monge godbetar å strikka.  Forelska meg i vottar med fuglar på.


   Kan ikkje vise mine yndlingsvottar, der var det mønsterdiagram med på sida. Men, ein peikepinn her ¨^¨
       

1 kommentar:

  1. Spennende bøker, nyyydelig blomst, kjekk broderipakke og ikke minst flotte strikkesett med lue og hals!

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...