4/10/2013

Tommel opp for nøyaktighet!

MEN, det tar si tid, ja!   Eg bestemte meg for å strikka hanskar til "man'en" i mitt liv (etter påtrykk frå venninne J =)  Nokre timar med pinnar og garn idag, så er tommelen ferdig.   Og hipp hurra for at eg sleppe unna med ei ruterad!  Antageleg for eg brukar pinnestr. 2 mm og ikkje 1,5 som oppgitt i mønster.  Og så er heller ikkje Jan noko longfingra.  Han lurte jo litt på kva han skulle med slike Royale hanskar då??  Noko han besinna seg fort når eg sa at då får eldsteson, med same initaler heller få dei.   Fekk nytta den herlege pinneholdaren som fulgte med eit Simply Knitting ein gong.  Nå slepp pinnane å stikka meg eller seg veg utor veska.
 Eg kunne ha strikka fleire timar, på detta - kjempekjekt. Men, jobb kalle med ei seinvakt idag og!
Lurt å halde den eine fargen ytst på pinnen i mønsterstrikk.  Tykje vrangsida er stilig.
 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...