5/16/2013

æh... tekstilfarging

Lenge har eg tenkt å farga detta skjørtet mitt.  Blei ikkje mykje brukt då beige ikkje er min farge. Matbutikkane har slutta å selga Nitor, men eg fant på nettet. Og gjekk for "almue-blått".  Den lysegrøne jakka mi, blei eg veldig fornøgd med. Skal berre skifte knappane i den.  Men, ikkje heilt nøgd med skjørtet då.  Iallefall,  så får det venta med eventuell ny farge

Har strikka litt og.   Jakka skulle egentlig ha ein rysje kant innafor knappestolpane.  Men, det tok eg vekk, vart ikkje fint.  Så broderte eg på med maskesting, desse kaninene og strikka eit par småtøflar til.

Sydd litt har eg og idag.  Fekk ideen  - då barnebarna kom på besøk med leiker i plastposar.  Tenke dei skal få kvar sitt når me drar inn i kaffibesøk i morgon.      Ha ein fine 17.mai feiring alle samen!
før ;
 etter;


tre nett og eit pynta kjøkenhandkle. 

3 kommentarer:

  1. Du er det ein kallar "ein tusenkunstnar" du !!!
    Ha ein flott 17.mai og ei riktig god pinsehelg !

    SvarSlett
  2. Du er jo ikkje klok som går i gong med å farga slike nydelege strikkaplagg! Skjørtet vart fint, men syntes nå jammen originalen også var veldig godt brukande eg!
    Og kor du får tida frå til å rekka alt, ja det er sanneleg ikkje godt å sei!

    SvarSlett
  3. Jeg husker godt dette skjørtet, ja. Det har nydelig fasong :)
    Får håpe det blir mere brukt nå når det har fått ny farge.
    Smarte og kjekke nett til lekene og søtt babysett.

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...