5/09/2013

I tjukt og tynt - -

GARN.  Strikketøy, følger med.  Om det er på buss, båt eller fly, da spele ikkje noko rolle. Og for ikkje å snakka om lange ventetider på flyplass, for eksempel!!  Kva skulle eg gjordt om eg ikkje kunne strikka eller hekla??  Tida flyr jo og, når ein pusle på med noko i henda.   I da sista har eg laga to sjal.    Frangefluttien, som var så populær for ei tid sio - den strikka eg i dobbel silkeull (rester frå Mermaiden)  Kjøpte to glasperler i "Sommer" på turen, samt ei nål til å feste sjalet som ein hals om eg vil.
       Det andre sjalet fekk eg inspirasjon og ide, --  frå strikketreffet.  Har berre brukt omlag ingenting av garnet Harmony/ Jojoland og brukt pinne på 2 mm.   Strikka blonda først, bøyde den på midten og strikka utifra den med to og to masker.  For å få bøyen, felte eg ei maske i kvar ende (før eg tok opp dei nye to) Blonda teikna eg ned frå eit Filati magasin hos Rigmor.  Såg og eit magasin med mønstrar ifrå Jane Austin/vintage, og hos Rigmor. Nydelege strikk som appelere til "hu mor".  Sjalet er vel mest å rekna som eit tørkle.  Eg feste det med ein breid sølvring, då kan eg snu på det og dandere som eg vil uten knytingar.

Garnkjøp, vart det med heim frå Trondheim.  Eit spesielt nøste i midten på bilete, det er håndspunne av "Ginko".  Ulla kjem frå Ghotland.  Eg skal ruge og planlegge - har då kjempefin glede som vare lenge! 
Så har eg strikka ei veske og trykka ein logo på den.  Ideen og inspirasjon kom på nye Trådsnella til Hjemmet. Ingjerd Helgesen, trur eg ho heite ho som hadde strikka ein slik bag der. Ingjerd hadde anna tekst då.  Ho har og gitt meg lov å strikke min eigen variant!






Strikka i Karisma og fora med grått tøystykke.  Tekstilfarge og sjablong i trykken.  Strykkefiksert når det var tørt.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...