5/14/2013

Must for musikantar??!!

Iallefall viss 17.mai blir kald og våt.  Og det er nettopp slike meldingar her på vestlandet. Eg prata med ei svigerinne på heimalandet.  Ho fortalde at gudbarnet mitt, Pia - skulle spele ilag med korpset sitt for første gong.  Då tenkte eg at det høyrdes svært kaldt ut.  Marsja i tre tog med kornett. Så då surfa tanta på nettet og fant desse fine pulsvantane.  Fint diagram å strikka etter - ikkje la engelsken skremma.  http://coalabaer.files.wordpress.com/2008/11/fingerless-gloves-musica2.pdf
         Flagget eg har tatt med idag, - er litt til han Arne-guten vår.  Tenk idag, er yngstemann myndige! Hipp hurra for han.  I helga, var storesøster og svoger hans med sine herlige små på feiring. Nyter slike augeblikk i full fart og koselege stunder.



 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...