5/27/2013

Saum og hagearbeid i skjønn foreining

Etter to års lagring og klyppeskrekk - tok eg endeleg fram det fina tøystykket eg handla hos Stoff & Stil.  Skal i bryllaup til helga, og trong ein ny kjole.  Leita i mønstrar og fann ein som var enkel nok i snittet for meg, å handtera.  Men, stoffet/satengen, var ikkje godt å jobba med.  Det flusse så i kantane.  Har zikka og strøke fliselin, etter beste evne.  Så får me håpe den helde kvelden ---uten soks med i pynteveska?! 

Har endeleg fått gjordt litt i hagen og Lindabua.  Ikkje mykje ennå inni drivhuset då.  Men, nokre Pelargoniar står der, samt i stova.  Vindrue-planta, har heldigvis overlevd den strenge vinteren.  Vrifrukten eg er så glad i - er og komen fram med blomar.  Den eine Rhododendron, står som eit syn i hagen.    Får håpe med får monge fine dagar no, som det snart er sommar?  Mauren, trives iallefall.  Har måtta gå skikkelig til verks med gift då gamal mold skulle utav potter.




 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...