6/17/2013

Lune smykker og gode klutar

Rett og slett - strikka litt "dilldall" innimellom vetuge oppgåver som husvask og hagearbeid.   Fant eit kjekt mønster på Ravelry - det er gratis og kan finnast i denna bloggen:
http://olgajazzzy.blogspot.no/2010/12/cable-braided-necklace.html
Eg har ein tendens å kjøpe berre eit nøste av lekre garntypar.  Desse smykkene kan brukast både rundt halsen, som hårbånd eller armbånd.  Og bør ikkje klø!!!  Eg har nytta Kashmir frå kje (lys turkis), Alpakka frå Vikedal (Cerise) og Alpakka m/glitter (lys grå) frå Norwegian Spirit/jernbanen i Bergen. Strikka da eina då eg var hos frisøren idag - sneddent strikk å ta med i veska.  Eine knappen er frå Snella & Petronella.  Dei har monge fine motiv og tekst på knappane sine.  Hekla rose m/ perle, kan og nyttast som knapp! 

Vrangmaska, tipsa om at Bomull/Lin-garnet til Drops- skulle vere så bra!  Ja, då måtte da og prøvast. Desse blir kansje gåve då, så får ikkje prøvd sjølv i denna omgong.

   Glede meg over alle blomane som poppe opp i hagen!   Kjenne at det er sommar, sjølv om sniglane krype rundt i år og!  Dei er eit stort minus!!  





 Ein pose med flotte blomar,  - det var kjekt å ha med heim frå nabobygda!
                                  Bogenvilla /Trillingblomst = stor favoritt.  Fant denna på ein Spar-butikk i ei anna bygd i kommunen vår!  Håpe eg kan ha den lenge **************
                                Peon =  dronninga i hagen for tida!

1 kommentar:

  1. Nydelege blomster du har! Peon er ein av mine favorittar, men her er dei ikkje komen så langt at dei blomstrer ennå.
    Fin pynt du har laga, kjekt at dei kan pynta opp både her og der etter som det passer :)

    SvarSlett

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...