6/26/2013

Lysegrøn etterlikning

Då eg var til byen sist- så var eg innom døra til Oleana.  Butikken har eit vell av flotte strikkejakker, satengkjolar og toppar.  Mote kjem att! Hugse at strukturstrikk i einsfarga, -det hadde me mykje av på 80-talet.  Dei 7 nøstene med Lang Golf, eg kjøpte på Norwegian Spirit (jernbanen) i ei restekorg, holdt så vidt det var til mitt prosjekt.  Måtte rekke litt av eine armen, og berre ha dei som blondekantar på t-skjorta mi.  Eg har dikta mønsteret sjølv, og ganske fornøgd med kopien min.  Skulle berre ønske den var 5 cm lengre - men, når ein kjøpe restar så......  Kan jo håpa at den sige litt i vask?!
Joda, vatn og blokking - via henging over rundstokk, hjalp.  T-skjorta blir strekt i maskene og dermed lengre. Jippi!!!!!!

Har vore flink og ordna med nye sengeplassar i huset. Kom over detta teppet eg sydde av dongeribukser, for monge år. Nå er det nyvaska og ligg på ungdomen si "gjesteseng" her heime.
 

4 kommentarer:

  1. Nydeleg farge og mønster på toppen din :)
    Sengeteppet er tøft! Husker to av jentene våre sydde seg sengeteppe av gamle dongribukser, dei sydde samen alle buksebakane ;))

    SvarSlett
  2. Flott topp. Fargen er lekker og strukturmønsteret likeså.
    Godt med gjenbruk. Olabukser blir flotte tepper -og vesker etter at de har gjort nytta som bukse. Kjempefint teppe med lommer og hjerte.

    SvarSlett
  3. Flott topp du har strikka deg, Linda! Håper vi får riktig mange dagar der vi kan gå rundt i slike toppar.

    SvarSlett
  4. Skjønn topp! Nydelig farge og flott mønster :)
    Stilig teppe du har sydd.

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...